Sjukepleiar 80% fast – Øygarden kommune

Description : Sjukepleiar 80% fast. Company : Øygarden kommune. Location : Straume

Øygarden kommune

Sjukepleiar 80% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca.

15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.

Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Er du helsefagarbeidar og ønsker nye utfordringar? Då har vi eit godt tilbod til deg på Fjell sjukeheim. Om avdelinga

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume. Somatisk avdeling har ulike pasientgrupper; korttidspasientar, avlastnings- / vurderingspasientar og langtidspasientar alle med ulike behov for behandling og oppfølging.

Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får brukt din kompetanse! Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og gjennomføring av tiltak.

Vi ønskjer å jobbe slik at alle pasientar får ein heilhetleg teneste med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Blodprøvetaking og andre undersøkingar tas på avdelinga, og sjukepleiarane kan jobbe saman for å ta gode vurderingar ut ifrå disse.

For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av fløyer og mellom faggrupper finn stad.

Våre helsefagarbeidarar må være eit viktig ledd i dette arbeidet.

Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring.

Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi er i en prosess for å organisere sjukepleiarane i sjukepleiarteam. Dette gjer at også helsefagarbeidarane får eit større ansvar

Kven er du?

  • Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
  • Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
  • Strukturert, nøye og effektiv
  • Engasjert
  • En som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
  • Evner å jobbe sjølvstendig
  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer

Arbeidsoppgåver :

  • Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
  • Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studentar
  • Administrasjon tiltaksplanar, rapportering

Kvalifikasjonar : Må ha :

Autorisert helsefagarbeidar

Ønskjeleg med :

Erfaring frå sjukeheim

Vi tilbyr :

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gratis parkering i parkeringshus

Anna :

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr ,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr ,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr ,- ( justert etter st. %)

Ved intern tildeling kan anna stilling bli ledig.

Kontakt :

Einigsleiar : Ruth N Bakke Tlf : 55 09 74 13 / 903 60 110

Mail :

somatisk 2 : May-Britt Hægland tlf 951 60 647

Somatisk 2 : Anita L Kausland Tlf 481 98 372

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga.

Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.

Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rett for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.

Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista.

Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

In the recruitment process, legitimate companies never withdraw fees from candidates. If there are companies that attract interview fees, tests, ticket reservations, etc. it is better to avoid it because there are indications of fraud.

-