Bioingeniør - NAVVIS

Description : Bioingeniør . Company : NAVVIS . Location : BERGEN, VESTLAND, NORGE

Dette tilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.

Bioingeniør

ArbeidsgiverLaboratorieklinikken / Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT) , Helse BergenStedJonas Lies vei, 5009 Bergen

Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri,immunhematologi og celleterapi.

Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervising. Avdelinga er i akkreditert .

Vi søkjer etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljømed mange ulike oppgåver.

Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vårviktigaste ressurs.

Ved avdelinga er det nå ledig ein spennande stilling som bioingeniør. Ein blir tilsett ved avdeling for immulologi og transfusjonsmedisin og for tida er stillinga knytt opp til Seksjon for celleterapi og Seksjon for Flowcytometri og ein har oppgåver ved begge seksjonar.

Stillinga er eit vikariat i 100% stilling i eit år frå 01.09.2023. Seksjon for flowcytometri har eit breitt tilbod av analysar for diagnostisering og monitorering av blod- ogbeinmargssjukdommar.

Ved seksjon for celletarpi er arbeidsoppgåver knytt opp mot handtering av stamcelleprodukt. Den som blir tilsett må vere merksam på avdelingas målsettingar og verksemdsplan, og ha desse som retningsgiveade for den daglege verksemd.

Arbeidsoppgåver

Flowcytometri : Immunfenotyping ved leukemi- og lymfomutgreiing. Kvantitering av celler og lymfocyttar. Leukocyttelling i blodprodukt.

Flowcytometrisk bestemmelse av HLA-B27HLA klasse I antistoffscreening

Celleterapi : Handtering av autologe afereseprodukt. Handtering av allogene stamcelleprodukt. Reinfusjon av CD34+ og CD3+ produkter.

Mottak og føresegn av ferske og kryopreserverte produkt. Koloniassay

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Du må kunne meistre norsk både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel med brei erfaring frå Immunologiske analysar og metodar
  • Erfaring med opplæring av personell er ein fordel
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har gode evne til kommunikasjon, både skriftleg og munnleg
  • Du har evne og ønske om å dele informasjon som er viktig og nyttig for andre på seksjonen
  • Du trivast med å arbeida i eit tverfagleg miljø, meistrar høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • Du har evne til og jobbe sjølvstendig, målretta og fleksibelt
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du er systematisk og ryddig og har evne til raskt å sette deg inn i problemstillingar
  • Du tar initiativ og hjelper andre om det skulle være nødvendig
  • Du bidra til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen og avdelinga for øvrig
  • Du har høg arbeidsmoral er punktleg og ansvarsbevisst

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og dyktige medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn.

Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Jannike Lundervik Sælen, Seksjonsleiar Flow, 55974639,

Ingvill Marie Christensen Curran, Seksjonsleiar Celletarapi, 55977861,

Arbeidsstad

Jonas Lies vei

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon :

Arbeidsgivar : Helse Bergen

Referansenr. : 4687846674

Stillingsprosent : 100%

Vikariat

Startdato : 01.09.2023

Søknadsfrist : 20.08.2023

Om arbeidsgiveren

ArbeidsgiverLaboratorieklinikken / Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT) , Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande.

Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Om stillingen

Stillingstittel : BioingeniørAntall stillinger : 1Oppstart1. september 2023AnsettelsesformVikariatProsent100 %Heltid / deltidHeltidSektorOffentlig